Moose Bullets

BILDE
Fødselsår 1983
Linje Dataingeniør
Favorittfarge Oransje

Håkon Eriksen

Kort oversikt over livet til Håkon

Håkon Eriksen vart født på Førde Sentrasjukehus ein vårdag i 1983. Han hadde store problemer med skulen heilt fram til dei fann ut at han ikkje såg tavla, og når brillene var på plass over nasa gjekk det mykje bedre for den unge mannen. Etter kvart som han begynte på ungdomsskulen kom det ei datamaskin inn i heimen, og det var då Håkon fann sitt kall i livet.

Han byrja på Ørjane Vidaregåande Skule i Førde på Elektro-linja og fullførte med fagbrev som Serviceelektronikar etter å ha tatt læretida hos Fjordane IT. Han fortsatte med jobben i Fjordane IT ei stund etter læretida i ein jobb som var både variert og utfordrande. Dessverre varte ikkje draumen lenge, då han fekk innkalling til militærtjeneste.

Turen gjekk då over fjellet til Lillehammer der han vart med i Hærens samband i den tru at det skulle være relevant med den utdanningsretninga han hadde valgt, men i staden vart han vaktsoldat på Akershus Festning der han skulle vokte Forsvarsstaben frå farlege trusslar.

Etter å ha overlevd militærtjenesten førte tilfeldigheiter til at han søkte på ein jobb for Mikke Mus i Orlando, Florida, USA. Etter eit år med mykje jobbing, mykje festing, mange nye intrykk og opplevelsar, lite søvn og ein betraktelig utvida horisont, returnerte Håkon tilbake til fedrelandet.

Vel heime bestemte Håkon seg for å lære nye ting og begynte på Universitetet i Bergen der han studerte Kognitiv Vitenskap, ved siden av jobba han på Lille Escalón i Bergen. Fordi han var så flink vart han overtalt inn til å begynne å jobbe på Pergola Mat og Vinbar. To jobbar tok litt for mykje av tida til Håkon, og han fullførte difor ikkje studiet ved UiB. Etter nokre år fann han derimot ut at det kanskje var på tide å få seg ein jobb der ein ikkje øydelegg kroppen og bestemte seg for å søke til Dataingeniør, ein jobb han alltid hadde drøymd om sidan den første datamaskina kom inn i heimen.