Kunsteventyr

I motsetning til Asbjørnsen og Moe som samla inn folkeeventyr, fann H.C. Andersen opp sine eigne, ofte inspirert av gamle eventyr og segn. Det er dette som gjer eventyra hans til kunsteventyr.

Det som er typisk for eventyra hans, er at dei ofte er basert på ein vaksen idé, men med eit språk som appellerer både til born og vaksne.
Det filosofiske og etiske sida trer tydeleg fram. Han viser dei ulike kreftene som rår i mennesket, som t.d. kjærleik, latskap, egoisme og forfengeligheit.