H. C. Andersen

Hans Christian Andersen (1805-1875) vart fødd i Odense i Danmark. Han var son av ein skomaker og ei vaskekone. Det vart sagt at han var ein kjenslevar gut, men både svakeleg og lite pen.

Det viste seg seinare at han hadde sjeldne gåver, særleg innan skrivekunsten, og hadde ein livleg fantasi. .

Etter å ha prøvd seg som skodespelar i København, tok han til å studere grammatikk og litteratur. I denne perioden gav han ut ei rekkje diktsamlingar, skodespel og reiseskildringar.

Det store gjennombrotet kom i 1835 med romanen "Improvisatoren", og same året kom dei to fyrste hefta av "Eventyr fortalte til Børn". Med desse utgjevingane fekk H.C. Andersen eit solid fotfeste i både Danmark og Europa

Kunsteventyr

Den Stygge Andungen