Brødrene Grimm

Dei tyske brødrene Jacob (1785-1863) og Wilhelm Grimm (1786-1859), har stått for innsamlinga av nokre av verdas mest kjende eventyr, som Askepott, Tornerose og Snøkvit.

Brødrene var fyrst og fremst språkforskarar, og det var grammatikk og språkhistorie som var deira hovudinteresse. Dei gjorde eit epokegjerande arbeid innan desse felta, men det er for deira innsats med å samla inn og arbeida med folkeeventyr at dei er blitt kjende i ettertida.

Deira "Kinder- und Hausmärchen" (Barne- og huseventyr), som inneheld heile 200 eventyr og 10 legender for born, vert i dag rekna som den mest kjente boka som nokon gong er skriven på tysk.

Eventyrstilen til brødrene Grimm har vore ei stor inspirasjonskjelde for andre som har arbeida med eventyr, og den er eit mønster for folkeeventyr i ei rekkje andre land, ikkje minst i Noreg.