Eventyr

Det finst to typar eventyr, folkeeventyr og kunsteventyr. Folkeeventyra er dei mest vanlige. Opphavet er ukjend, og dei har levd i munnleg forteljartradisjon frå generasjon til generasjon og har ingen bestemt forfattar.

Folkeeventyra er fri dikting og er sjeldan knytt til ein bestemt stad eller ei bestemt tid. Dei har faste handlingsmønster som varierer frå forskjellige kulturområde, men samstundes er det visse grunnleggjande trekk som går igjen i folkeeventyr frå heile verda, som til dømes: Det gode skal lønast, og det vonde skal straffast.

Ofte finn ein dei same eventyra i fleire land, men med lokale tilpassingar. Det vert sagt at eventyret om Askepott er å finna i heile 400 versjoner.

Dyreeventyr
Skjemteeventyr
Eigentlege eventyr