1001 Natt

Nest etter bibelen er den arabiske eventyrsamlinga 1001 Natt eit av dei mest utbreidde litterære verka i verda. Det rike innhaldet rommar alt i frå djupt tragiske forteljingar til muntre kjærleiksnoveller og religiøse legender.

Forteljingane gjekk på folkemunne i Orienten i fleire hundre år, og allereie kring 800 e. Kr. kunne ein finna ein del av dei i arabiske skrifter.

Rundt 970 e. Kr. kom stoffet i hende på Abu Abd-Allah Muhammed el-Gahsjigari, og fyrst då vart det samla systematisk. Det er han som har forma 1001 Natt og ga dei nytt, og kanskje evig liv.

1001 Natt i Europa