MEDIUM
Ordliste

A B D E F G H I J K L M N O P R S T U V
A

Aktør – deltakar, medspelar

Antipati – motvilje, uvilje

Antologi – samling, utval (av tekstar)

Assosiasjonar – forbindelsar; her: tankar/indre bilde av noko

 
Til toppen
B

Banebrytande – grunnleggjande, epokegjerande

Blureffektar – tåke-effekt

Brekking (ombrekking) – lage layout, (typografisk/grafisk) utforming (av trykksaker)

 

Til toppen
D

Definisjon – forklaring, presisering

Desk – redaksjon (i media)

Diagnose – bestemmelse (mest om sjukdom)

Dilemma – knipe, problem (med å velje)

Disposisjon – utkast, plan, skisse

Dramaturgisk (dramaturgi) – oppbyggjing av (litterær) tekst, teaterstykke eller film

 

Til toppen
E

Emosjonell(e) – som har med kjensler å gjere

Essaybasert – med utgangspunkt i ein artikkel/ei avhandling

Essensen – det viktigaste

Eteren – her: omgrep på radio/TV

Etnisk – som har med rase/folkeslag å gjere

 

Til toppen
F

Fablar (fleirtal), fabel – forteljing, historie

Famne - omfatte

Fiksjonsverd – (delvis) fantasiverd, meir eller mindre oppdikta verkelegheit

Forbrukarsynsar – ein som meiner noko om forbrukarsaker (i media)

Formal – som gjeld forma

Fornedring - audmjuking

Forskanse seg – her: gøyme seg

Forsøming – svikt, mangel

Fortruleg – nær, venleg

Føljetong (stil) – vidareføring (om bøker, fortellinger)

 

Til toppen
G

Gehør – evne til å oppfatte; her: eigen oppfatting

Generere – utvikle, danne

Generisk – som tilhøyrer ein art/type; her: vanlege, ekte

Gjengs – vanleg, normalt

Gjennomsyre – fylle, påverke

Goodwill – positiv omtale, omdøme

Grasrotbevegelse – (protest)bevegelse, organisasjonar

Gullkorn(et) – her: poenget

 

Til toppen
H

Heilheitleg – samanhengande, henge saman

Helleristningar – bilde og teikn, rissa og måla på fjell i eldre tid

Hinte – antyde

 

Til toppen
I

Identitet – her: sjølvoppfatting, navn

Ikon – bilde (religiøst), her: symbol

Image – bilde, her; oppfatting av

Imperativ – (grammatikalsk uttrykk) bydeform, påleggje, befale, oppfordre (kraftig)

Implisitt – innbefatta

Injisert (injisere) – fylt med

Innovasjon – fornying, nye idear/løysingar

Institusjonell – (noko) som er vorte ein institusjon, ”noko fast”

Integritet – sjølvstende, noko ukrenkjande

Intuitiv(t) – naturleg, enkelt, innlysande

Inventar – utstyr (også møblar)

 

Til toppen
J

Jamnfør - sammenlikn

 

Til toppen
K

Kaleidoskop – skiftande, mangefarga og mangemønstra

Kanalisere – avleie, vert leia vidare

Kjerneproduktet – det viktigaste produktet

Klagenevnd – komité som handsamer klager

Klimaks - høgdepunkt

Klisjé – (for)slitt uttrykk

Knipse – her: ta bilde av, fotografere

Konvensjon – det som er vanleg, praksis

Korrumpere – forderve, øydeleggje

Kriteriar – grunnlag, reglar

 

Til toppen
L

Legitimere - rettferdiggjere

Logistikere (logistikk) – folk som planlegg og administrerer (varestraumen)

 

Til toppen
M

Medium – eit mellomledd, middel i formidlinga (til dømes ei avis, ein film)

Multinasjonal - fleirnasjonal

 

 

Til toppen
N

Narrativ – (fortalt) tekst

Nisjemarknaden – spesialmarknad, marknad for mindre grupper

Nyanse – detalj, mindre del

Nyansert – variert

Nøkkelord – stikkord, viktige omgrep

 

Til toppen
O

Omdøme – rykte, akting, omtale

Ortografi – rettskriving, stavemåte

Overtramp – gå for langt, gå ut over reglane

 

Til toppen
P

Panikkarta – prega av panikk (skrekk/forvirring)

Pantomime(teater) – skodespel (stumt) med fysiske rørsler (kroppsuttrykk)

Parat – klar

Personrelasjonar – tilhøve mellom personar

Posisjonar – få i posisjon, stilling

Pregast – påverkast av

Premissar – føresetnader, grunnar

Postere (fleirtal), postar – plakat

Privatsfæren – som angår det private, personlege

 

Til toppen
R

Realismediskusjonen – diskusjon om kva som er realisme

Rekvisita – utstyr

Renomme – rykte, omtale

Research – gransking, forarbeid

Revideringsfasen – når ein reviderer (rettar, skriv om, arbeider om)

Rigid – fast, streng

Risikoungdom – ungdom utsette for risiko (problem)

Røyst – stemme

 

Til toppen
S

Sjølvterapi (terapi) – eigenbehandling (behandling)

Setervollen – grasbakke på ei seter

Siling – her: utvelgjing

Sladrehank – ein som sladrar

Spikke – skjære til med kniv

Springbrett – plattform; her: overgang til

Stilistisk – som har med stil/form å gjere

Stundom – av og til

Synonymt (med) – likt (med), betyr det same

 

Til toppen
T

Tonegjevande – dominerande, anerkjent

Trass – ulydigheit, gjenstridigheit, motstand

Tufte (på) – byggje på, ha som utgangspunkt

Traust – solid, enkelt

 

Til toppen
U

Underdanig – audmjyk, full av respekt

Unik – einestående, førsteklasses

Utkast – kladd, skisse

Uttalt - utrykt

 

Til toppen
V

Vag – svak, uklar

Vante – vanlege

Vilkårleg – tilfeldig

Visjon – syn (om framtid); her: plan, håp

Vulgær – grov, simpel, ufin
Til toppen