Bergsdalsprosjektet
Dei mange intelligensane i Bergsdalen
|
||||
Det musikalske Det eksistensielle.
|
Om å læra å
læra. Dei mange intelligensane i Bergsdalen. I Vaksdal kommune er det eit uttalt mål at alle skulane skal freista jobbe etter dei pedagogiske tankane til Howard Gardner omkring dei mange intelligensane, eller det som vert kalla MI-tenking. Teorien byggjer på at me menneske er sett saman av åtte (minst) ulike ”intelligensar” og at me har svake og sterke sider innanfor desse. Sidan me er så samansette, har me ulike måtar å tileigne oss ny kunnskap på. Dette er ikkje noko nytt. Pedagogiske guruar og lærarar har sett lenge at elevgruppene deira langt frå er like. Men likevel er tradisjonen i skulen å læra via det som Gardner kallar den språklege intelligensen. Dei fleste lærebøker legg opp til at me les eller pratar om eit nytt emne fyrst, så svarar me på spørsmål, så lagar me oppgåver og skriftleg stoff om emnet og så har me lært det når me har hatt ein språkleg prøve om emnet. Det er dette ”skule-mønsteret” Gardner og andre vil til livs. Kor klokt eit menneske vert rekna for å vera, bør ikkje avhenga av kor godt menneske er tilpassa den språkleg intelligente skulekvardagen. Eg skal her ta for meg dei ulike intelligensane i teorien, og freista visa korleis me ved Bergsdalen skule legg opp undervisinga for å gje alle elevar sjansen til å lære slik dei sjølve lærer best. Les meir om arbeidet i heile artikkelen frå Maya Mykkeltvedt Abbedissen. Om å læra å læra. Dei mange intelligensane i Bergsdalen. Doc - format Om å læra å læra. Dei mange intelligensane i Bergsdalen. Htm - format |
Nyttige lenker: MI: Mange intelligenser (Statped)
Frå kroppsklok-kroken
|
||
|