Bergsdalsprosjektet

Utekskule i øs, pøs.......

Attende til startsida

   

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Attende til startsida

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Uteskule med Karen og Torbjørn 14. november 2006

Vi fekk besøk i eit aldeles grusomt vér med regn, sludd og vind. Temaet for dagen var kroppsøving med matematikk.

Véret la dessverre nokre føringar på det vi skulle drive med og det blei vått og kaldt både for små og store.

Karen hadde laga til ei kjekk oppgåve med 30 postar, det skulle visst eigentleg vore 50, men sidan vi er så få hadde ho redusert det til 30. Desse var festa rundt omkring rundt fotballbana. Elevane blei delte i to grupper, 2 på ei og 3 på ei. Så skulle gruppene finne kvar sin dyrelyd, dette skulle vere gruppa sitt signal. Etter litt diskusjon kom dei fram til ”mø” og ”koko”. Så fekk gruppene utdelt kvar sin terning. Denne skulle dei trille, dersom dei til dømes fekk 4 skulle dei finne post nr. 4. Elevane sprang der dei ville, men når dei fann posten skulle dei seie gruppa sin dyrelyd, slik at dei andre på gruppa fekk beskjed om å kome dit. På postane var der ulike matteoppgåver som elevane måtte løyse. Når dei hadde funne svaret skulle dei springe tilbake til Karen for å sjekke om svaret var rett. Dersom det var rett skulle dei trille terningen ein gong til og plusse på det antal auge dei fekk på terningen med det postnummeret dei nett hadde vore på. Så var det berre å springe til neste post. Dei rekna heit til dei kom til post nr. 30. Alle postane blei ikkje brukte.

Elevane var flinke, den eine gruppa fungerte nok betre enn den andre. Men det er vanskeleg å setje saman grupper, fordi elevane er svært ulike.  Dei praktiske oppgåvene var det ingen av gruppene som fekk gjort, men slikt kan skje når ikkje alle oppgåvene skal løysast.

Det var nok nokre av oppgåvene som var litt vanskelege for dei yngste, men så er det heller ikkje lett å lage oppgåver som skal passe for elevar som nett er fylt 6 år og til dei som er 9 ½ år.

Etterpå laga elevane barkebåtar som dei segla i bekken med. Det var vanskeleg å finne eigna bark på trea fordi det var så vått, men heldigvis hadde vi ein del bark i vedskjulet. Elevane tykte denne oppgåva var veldig spennande, dei hadde mange løysingar for korleis dei ville lage båten sin. Etter å ha prøvd båtane i bekken var det ein del som måtte fikse litt på båten sin for å få den meir funksjonell. Ein fann ut at han måtte ta av seglet, fordi seglet var for tungt i forhold til båten og då berre tippa den. Ein annan fann ut at dersom båten var spiss framme segla den raskare.

Då alle var ferdige med å lage båten sin var det konkurranse i bekken, kven hadde den båten som gjekk raskast? Karen tok tida, dette var stor stas. Sidan det regna så fælt hadde vatnet laga mange bekkar nedover, så det var fleire ulike trasear å velge mellom.

Elevane var ivrige og dei fleste båtane fekk mange turar nedover bekken. Båten segla i bekken og eleven sprang ved sida av på land. Men det var sleipt på graset, så det var nok nokre sokkar og sko som var ganske våte då vi gjekk inn igjen.

Karen hadde eigentleg planlagt fleire kjekke oppgåver ute, men det sette véret ein stoppar for. Vi gjekk inn igjen og tok oppsummeringa og gjennomgangen av matteoppgåvene inne i klasserommet. Elevane var flinke til å svare, men dei var ikkje så gode til å vente på tur og til å tenkje svaret inni seg i staden for å buse ut med det.

Alt i alt, til tross for eit surt vér, var det ein veldig kjekk dag både for små og store. Oppgåvene var spennande, og eg kjem nok til å bruke idéane og oppgåvetypane seinare.

Bergsdalen, 15. november 2006

Linn Hjartnes Henjum

 

Eg laga ein barkebåt. Dett var gøy.

 

Me har våre ute.

Me   har   fåne     postene    ute.

Me løyste opgaver.

Me har laga barkebåt.

Me har våre i to gruper.

Eg var me   Kristian og Erling.

Ute var   de regn og storm.

De var got   å    koma in.

 

Me har vore og leita etter posta. Me har lag barkbåt. Eg mista barkbåten min.