Slakting på Berge i Bergsdalen
Den 26.09.05 var Begsdalen skule lenger oppe i
dalen, på Berge å slakta.
Fyrst køyrde me frå Lid til Berge, så gjekk me opp
til låven, det var fint ver, så me var ute, Knut henta sauen og kom opp til
låven.
To jenter sat på ein
benk ved sidan av der det skjedde.
Dei var ikkje høge i hatten. Men dei to fekk sjå på nokon andre levande lam.
For dei ville ikkje sjå på når dei andre slakta. Etter dei hadde sett på
lamma fekk dei lov til å gå seg ein tur.
Me slakta 2
sauar og det var ein gammal sau og ei gimber.
Når ein slaktar, bruker ein skyte-maske.
Skytemaska er eit langt røyr med ein avtrekkar på. Når ein trykker på
avtrekkaren, skyt ein ei kule inn i hovudet til sauen.
Då sauen var død skar me eit snitt i halsen og tok
med alt blodet i frå sauen
Over i ei bøtte. Me var nøydde til å røre i blodet
så det ikkje storkna.
Sauene vart lagde på slaktekrakkar, og Asbjørn
spretta opp skinnet for å få av skinnet, brukte me knyttneven.
Så skar me av føtene på sauen. Då må slaktaren
treffa leddet for å få foten av. Viss
foten knakk lett, hadde han snakka
sant da i sista, viss foten ikkje
knakk hadde han løge mykje i da sista.
Etterpå skar han opp halsen sånn att me kunne sjå
matrøyre og luftrøyre så knaut han spiserøret så da ikkje skulle komma ut
bakteriar i kjøtet. Så tok han ut innvollene.
Innvolene er hjartet, lunge,
magesekk, matrør, luftrøyr, tyntarmen og blindtarmen
Det siste han gjorde, var å
skjere av hovudet og resten av skinnet.
Så hengte han opp skrotten til
modning.