Uteskule 9. og 16. mars 2006
I strålande sol og knallblå himmel hadde vi to fine utedagar 9. og 16. mars. Den første dagen blei brukt til førebuing for den siste dagen. Karen og Torbjørn var med oss begge dagane.
9. mars starta vi inne med ei idémyldring for kva vi kunne gjere veka etter, då vi fekk besøk av 4. trinn frå Møhlenpris skole i Bergen. Elevane var kreative og flinke til å komme med forslag, og forslaga deiras blei tatt på alvor og blei utgangspunktet for kva som skulle gjerast. Både skigruppe, akegruppe, vaffelgruppe og bålgruppe blei laga. Elevane melde seg på det dei ville, og var veldig fornøgde med seg sjølv.
Så gjekk vi ut, og opp i skileikanlegget. Der hadde vi først skileik på flat mark, songleikar og ulike tikken variantar. Elevane var svært ivrige og engasjerte.
Etter at vi hadde varma opp leika vi hermegås i bakke, då rann vi både ein og ein og fleire i lag. Elevane viste her gode samarbeidevner, og var flinke til å ta vare på kvarandre. Dei gjekk i lag med den eller dei som stod på toppen av bakken, og venta ikkje på vennane sine.
Vi gjekk ned på skuleplassen og åt nista vår, før vi gjekk opp igjen i skileikanlegget. Vi gjekk ein runde i lysløypa og fann ut kor postane i sporløypa måtte vere. Elevane var flinke til å sjå løysingar, og dei tenkte over at det var viktig å lage ei løype som ikkje var for vanskeleg for dei som ikkje hadde gått så mykje på ski før.
Så var vi klare for litt aking. Første oppgåve var felles aking på pressenning i halfpipen. Alle fekk plass, og med litt nysnø i bakken vart dei første turane ei kald oppleving… Men alle var glade, og var raske opp igjen, og klare for nye turar.
Oppsummeringa av dagen tok vi i botnen av halfpipen. Alle fekk seie litt om oppgåvene dei skulle ha neste gong, og korleis dei hadde opplevd dagen. Så gjekk elevane glade og fornøgde heim etter ein kjempefin dag.
16. mars starta vi tidleg med å gjere ferdig dei siste førebuingane før besøket kom med buss frå Bergen. Elevane var ute og hengde opp sporløypa som dei hadde laga, med oppgåver om dyrespor, tresortar, fuglar, konglekasting og seigemannstrekking.
Bålgruppa fann ein eigna bålplass og vaffelgruppa rigga seg til ute med vaffeljern og røre.
Så kom besøket, ein klasse med 25 elevar, med 12 ulike nasjonalitetar. Vi samla oss først i ein ring på flat mark i skileikanlegget. Der blei elevane delt inn i grupper, etter om dei hadde ski eller ikkje. Og Bergsdalselevane var flinke til å ta seg av dei tilreisande. Litt utfordringar var der, for det var ikkje alle som snakka like godt norsk, og så var det ikkje alle som verken hadde gått på ski eller rent på akebrett før. Men elevane takla det på ein fin måte, og det verka som om både lokale og tilreisande hadde det kjekt.
Etter vel ein times leik, var det klart for mat. Vi satt rundt bålet, og vaffelgruppa kom opp med nysteikte vaflar. Elevbedrifta stod for salg av solbærtoddy og vaflar. Det smakte veldig bra!
Vi samla oss i ein ring, og ein av elevane i Bergsdalen viste fram nokre gamle treski, eit par frå før 2. verdskrig og eit par frå rett etter 2. verdskrig. Ho fortalde at ho hadde snakka med ei gamal dame i Bergsdalen som hadde fortalt kva dei brukte skia til og at dei fleste skia på den tida var heimelagar. Det eine skiparet blei sendt rundt, slik at alle fekk kjenne kor tunge dei var.
Så delte vi elevane inn i grupper på tvers av dei to skulane, Bergsdalselevane var gruppeleiarar, og så gjekk alle sporløypa. Det var ein del frustrasjon for våre tilreisande, både bakglatte ski og ”vanskelege” oppoverbakkar….
Heilt på slutten av dagen hadde vi ei oppsummering for korleis elevane hadde opplevd dagen, og det var berre blide fjes og gode ord som kom fram. Nokre elevar i Bergsdalen hadde laga til ein diplom til kvar elev som eit minne frå ein spennande og lærerik dag både for byungar og meir fjellvante ungar. Diplomane blei delt ut før besøket pakka seg saman og reiste ned igjen svingane og heim til byn.
Tilbakemeldingane frå foreldre er utelukkande positiv. Dei har tatt kontakt for å fortelje at ungane har hatt nokre svært kjekke dagar, og at det er eit spennande og lærerikt prosjekt vi er med i.
Bergsdalen, 22. mars 2006
Linn Hjartnes Henjum