Keramikk med Linda Lid, måndag 27.3.2006
Linda kom før
skulen starta, med bilen full av leire, plater, trepinnar og bøtter. Det var
ikkje reint lite utstyr som måtte til for at ein skulle kunne gjennomføre det
som stod for dør. Først var det dei minste borna som skulle i ilden. Dei fekk
fire kg leire kvar, som dei skulle kjevle til ei fin flis, forma som eit
kvadrat på 30 ganger
Etter at finger-teikningane var komme på plass starta dei største utfordringane. No skulle dei bruke små leirbitar til å ”klatte på”, slik at bilete så å sei kom ut av flisa. Dette var spennande. Etter at flisene var ferdige fekk borna utfalde seg gjennom å lage tredimensjonale figurar. Dette var også fuglar og høns.
Etter ein liten pause skulle dei store borna i elden. Dei starta på same måten som dei små. Fire kilogram leire skulle formast til ei flis av det som no var blitt standrard storleik, 30*30*1,5 cm. Elevane hadde med seg sine arbeidsteikningar, og etter ei lang vurdering fram og tilbake kom dei fram til kva arbeidsteikning dei skulle nytte innan dei festa ein leireklatt på flisa si.
Etterpå skulle desse elevane lage masker i leire. Dette var eit arbeid som skulle få elevane til å tenke litt over korleis nase, auge og øyrer eigentleg sit i høve til kvarandre. Den leira dei nytta her var blanda med sand frå leire som allereie var brent. Ho var svært lett å jobbe med, og blaut å ta på. Dessverre fekk me litt lita tid på slutten, men alle fekk levere inn eit ferdig produkt som Linda fekk ta med seg heim til råbrenning.
Bergsdalen, 30. mars 2006
Wenche Olsnes
Kjeramikk
Først ble me kjent med leira. Først laga me små figurar. Leira var kald og vi skulle lage ei helle og på den skulle da vera ei høne. Eter vi hadde laga hella laga me påskepynt. Eg laga ein hane, ei høne og to kyllingar. Det var veldig gøy når Linda var på besøk.
-Elevtekst-
Måndag 12. juni kom Linda tilbake for å vere med oss å lage ein ”tipi-omn” på skuleplassen. Ho hadde med seg ein tilhengar full av utstyr, både murstein, ved av ulike tresortar, pipe og leire. I tillegg til alt dette hadde ho med seg dei flotte flisene, figurane og maskene som elevane laga sist ho var på besøk.
Heldigvis for oss, så hadde vi klart å bestille kjempefint vér, så det var ein flott dag å vere ute på. Vi gjekk i gang med å forbrede omnsbygginga med ein gong skuledagen starta. Elevane pusla saman flisene til heile bilete, Linda hadde delt kvar flis i 4, slik at dei ikkje skulle sprekke då ho råbrant dei heime på Voss. No var det litt av eit puslespel å finne ut kva for delar som høyrde saman slik at alle flisene blei slik dei var laga. Etter litt flytting av brikker fram og tilbake var dei 15 flisene ferdige. Elevane fekk no måle på delar av flisene for å framheve einskilde detaljar.
Då begynte byggearbeidet. Omnen blei bygd som eit tipitelt (indianartelt). På botnen var det murstein, deretter var det eit lag med ved og sagflis, før fisene, maskene og hønsefigurane ble stabla oppå kvarandre.
Rundt stabelen bygde vi veggar, som vi ”tapetserte” med glansa reklamepapir som var dyppa i leire. Dette gjorde at det blei eit ”skal” på tipien vår.
Til slutt laga vi eit bål utanfor kvar opning i tipien. Når dei var nesten nedbrente, dytta vi glørene inn i tipien og venta i spenning på om det ville ta fyr inni der. Opningane tetta vi igjen med torv. Etter ei kort stund starta det å ryke frå pipa og vi høyde at det knitra inne i omnen vår.
Omnen brente fint, elevane gjekk heim, medan Linda var igjen….. Og ho var der lenge! Ho måtte passe på at omnen brente slik den skulle og så smurde ho på meir leire og la på meir reklamepapir der ho tykte at omnsveggane var blitt litt tynne.
Omnen vi laga må ha vore veldig god, for den brente lenge. Det var glør igjen i mange dagar, så ikkje før torsdag morgon opna vi omnen og såg på det ferdige resultatet. Og det var flott! Så no kan hønene våre glede seg til å få eit flott dekorert hønsehus med 15 unike fliser på veggane, og likar dei det ikkje, så får dei flytte til ein annan skule….
Bergsdalen, 19. juni 2006
Linn Hjartnes Henjum