Bergsdalsprosjektet
Gullhorgatjørn |
||||
|
Gullhorgatjørna (elevtekst) Lørdag den 02.09.06 skulle bygdafolket i Bergsdalen og andre inntreserte frå Voss og Samnanger reise til Gullhorgatjørna for å markere den nye runesteinen og historien knytta til Gullhorgasteinen. Me møttes på Småbrekke kl. 10.00, der var det nokon som skulle gaida oss gjennom dei vakre Bergsdalsfjella. Fyrst gjekk me til Moastølen, der fortalte dei meir om fjella. Etter det, gjekk dei som ville inn i skogen for å sjå på eit gammalt tre som var mangen hundre år. Vidare gjekk me oppover militærvegen mot målet vårt. Då me hadde gått eit stykke tok me matpause. Det smakte godt med mat etter at halve turen oppover var unnagjort. Då maten var komen i magen, sto ca. 1 time med roleg gange framfor oss. Me traska vidare og etter ei stund møtte me Sverre, han som har leita etter Gullbordet i 10 år. Han er ein Samnangersvenske på 80 år som er gal etter å finne gullbordet. Han skaffa ein kunnstnar som laga denne rune steinen som me var med på å markera. Til slutt kom den store opplevinga, Bergsdalen skule kom med sitt vikingeslag. Det gjekk fint, og alle var imponerte. Så gjekk me heim igjen og var glade for at alt var over.
|
|