RAPPORT I FRÅ NOTFISKING I SMÅBREKKEVATNET

 

 

Bergsdalen skule var på fisketur i Småbrekkevatnet fordi dei skulle lære litt om fiskane i ferskvaten.

Kva dei et, kor lange dei er, kva dei veg. Me skulle og lære å rekne ut kondiskjonen på fisken.

Me hadde me oss fira vaksne. Dag hadde båt, og han og Karstein tok med seg nokre elevar ut i båten.

Der sette dei nota. Mens resten sto på land og drog inn nota til land. Me gjorde dette to gongar.

Når nota hadde blitt dradd inn på land, måtte me få alle fiskane oppi baljen. Det er viktig å holde båten linja på nota. Dersom den er slakk, kan fisken stikke av under nota. Då me sette nota, var det mykje vind, så difor fekk me lite fisk.

Til slutt skulle me telle alle fiskane, men fyrst måtte me byte vatn i baljen som fiskane var i. Me kom  fram til at det var 23 fiskar til saman. Etterpå gjekk me til ein lavo som stod der. Der skulle me vege og måle alle fiskane. Me skulle også sløye dei og sjå kva som var inni  magesekken deira.  Den største fisken me fann var 22cm lang og 90 g tung. I magesekken fann me ein liten musling.

 

Då me var ferdige med denne jobben, var det tid for mat. Nokre av oss hjelpte til med å dela opp potetene og gulerøttene. Dei kokte me på stormkjøkken. Nokre andre hjelpte til med å steike dei største fiskane.  Me gjekk inn i lavoen for å eta nista vår og drikka kakao. Etterpå fekk me nysteikt fisk og kokte poteter og gulerøtter.

Flatbrød og smør smakte nydeleg til.

 

Det vart lite tid til å fiska med stong sjølve, så me måtte pakka i ein fart og koma oss heimatt til buss og  taxi som venta.

 

 Tilbake til start.