Røva Flagg og andre leikar.
Dette er ein uvanleg gjømmeleik, det er berre ein som skal gjømme seg, mens resten av deltakarane står samla på ein plass og tel til 50.
Så er det om å gjere å finne den som har gjømt seg. Dei som finn den som har gjømt seg, skal legge seg ned ved sidan av han (like tett som i ein sardinboks.
Til slutt er det berre ein igjen som ikkje har funne gjømmeplassen, han må stå neste gong.
(Frå boka ”Rødt lys og 90 andre uteleker”
av Trine Paulsen)
Denne gjømmeleiken er ein variant av vanleg gjømsel. Den som står, tel medan dei andre spring for å gjømme seg. (Det er lurt å bli einige om på førehand kor langt vekk det er lov til å gå.)
Når den som står er ferdig å telje begynner han å leite etter dei andre. Dei som blir funne må komme fram frå gjømmestaden sin og stå på teljeplassen. Dersom nokon av dei andre som enno ikkje er funne vinkar til dei, kan dei som er tatt stikke av og gjømme seg på nytt, når den som står ser vekk. Slik fortset leiken til alle er tatt.
(Frå boka ”Rødt lys og 90 andre uteleker”
av Trine Paulsen)
Røva flagget
Ein kjekk uteleik, som kan leikast av mange, på eit stort område, og gjev god mosjon og spenning.
Utstyr:
· 2 flagg
· Stort ope område
· Mange born
Førebuing:
Del borna i to lag.
Del området i 2. Det er nok med ei ”linje” på midten.
Litt inn på kvar banehalvdel lager du til eit fengsel. Det er ok med nokre stokkar eller liknande, der fangane skal opphalda seg.
Stikk flagga i jorda, eit godt stykke inne på kvar banehalvdel.
Reglar:
Det er om å gjere å ta seg over på motstandarane si bane og stele flagget deira. Det laget som først vifter med motstandarane sitt flagg, har vunne.
Når motstandarane kjem over på din banehalvdel, kan du fanga dei ved å ta på dei, og setja dei i fengsel (fengselet som er på ditt område).
Dei som er i fengsel kjem fri om medspelarar klarer å komme til fengselet. Ved berøring er du fri, og må skunda deg ”heim”.
Midtstrek
Fengsel
Flagg