Cirkus Barnitos
Cirkus Barnitos blei laga til i samband med bygdadagane i Bergsdalen i august 2005. Den gongen deltok nesten alle ungane i dalen i sirkuset i lag med nokre vaksne. Den lokale primus motor for Cirkus Barnitos var Boris Rodrigues Hauck.
I mars 2006, har sirkuset vore på turné til skulane på Stanghelle og Dale som del av den kulturelle skulesekken. Alle elevane på skulen i Bergsdalen og ei,lita lokal isbjørnjente var med. I tillegg til vår lokale skodespelar og regissør Boris og Irene Ahnéll frå Bergen.
Dei unge skodespelarane og musikarane var spente og forventningsfulle før forestillingane. Men då klovnen Rosita introduserte det eine fantastiske nummeret etter det andre forsvant både nervar og frykta for at det ikkje skulle gå bra. På rekke og rad kom dei spektakulære sirkusnummera: kosakkdans, akrobatikk, sjonglering, den dansane isbjørnen, rokkeringtriks, gut i boks med pinnar gjennom, såpebobleblåsing og mykje fin og fengande musikk frå sirkusorkesteret ”Bråk og Ståk”. Innimellom sirkusnummera var der både klovnar og gode medhjelparar som bidrog til at publikum hadde noko å le av.
Publikum på turnéen var elevar frå 1.-4. klasse og dei eldste ungane i ein barnehage. Publikummet levde seg godt inn i forestillinga, latteren og applausen sat laust.
Etter to hektiske forestillingar og mykje opp- og nedrigging, var både ungar og vaksne fornøgde med dagen. Gode presseoppslag blei det også!
Bergsdalen, 7. april 2006
Linn Hjartnes Henjum
Sirkus Barnitos
Vi skulle til Stanghelle og spele først. Vi var der klokka 08.30. Der bytet vi om til sirkuskle. Det var mange som såg på. Det var 1.-4. klasse. Vi klarte det. So reiste vi til Dale og spilte der. Vi spiste før me begjynte. Der var det og mange folk. Eter forestillingen for vi på puben og spiste pizza og brus.
-Gut, 4. klasse-
Vi skulle til Dale og Stanghelle. Alle seier me er flinke musikarar. me e heit stile. heit på sluten blr det sirkus.
Ete på sbiste me bisa.
-Jente, 2. klasse-
me blåse balong på sirkuse
me spiste mat på pøb
-Jente 4. klasse-
fust reiste me til Stanghelle som spelte me sirkuset. So reste me til Dale og spelte sirkuset.
-Gut, 3. klasse-