|

FORURENSING
OG RENSING
kilde (kven
kva forurensar ?)
-bilar og
fabrikkar
-husdyr, landbruk
og skogbruk
-tog, båt,
motorsykkel og fly
-kloakk og
septikk tanker
-bensinstasjonar
og oljetankar
-oljeplattformer
-mennesker
-maskiner
RENSING:
-koking (bakterier;
virus) (parrasitter, giadia)
-Klor
-UV lys
-gå gjennom jord
og sand
Sjå
måleresultata

|
|

Besøk av Karstein Erstad på Bergsdalen skule.
Skulen vår fekk hyggjeleg vitjing mandag 23. Okt.
Det var Karstein frå HIB , avd for lærarutdanning, som skulle hjelpa oss med
temaet ”Vatn” . Elevane såg fram til besøket og var spente på kva dagen
kunne by.
Fyrst starta han med
gjennomgang av ulike sider ved vatn. Karstein spurde, skreiv på overheadark,
medan elevane svara. Dette var ei grei økt, der elevane tok del i
undervisninga. Nokre dagar etter fekk elevane i oppdrag å føra inn kvart
sitt ark på data, og dette gjorde sit til at dei fekk repetert temaet, og
kommentarar som: ”Ja, slik var det ” og ”No hugsar deg det” gjekk att blant
elevane.
Den
andre økta gjekk føre seg ute. Me skulle sjå på grunnvatn og overflatevatn.
Planen var å måla kor mykje grunnvatn og kor mykje overflatevatn det kom på
eit døgn. Det vart lagt ut ”målestasjonar” som elevane fekk i oppgåve å
fylgja opp i etterkant. Dette har fungert flott. Dei har tatt tak i oppgåva
og ført inn i rekneark på dataen. Me har sett over og kome fram til at det
var mykje lettare å måla overflatevatnet og konsentrert oss om dette.
Vidare
sto det fordampningsforsøk for tur. Elevane fylte vatn i ulike røyr ,
blomsterpotte og koppar og kar. Dei skulle sjå utviklinga i høve til
fordamping på dei ulike tingas. Blomsterpotta målte dei vekta på. Det var
arti å sjå kva liten opning hadde å sei i høve til fordampning. ”Vatnet i
isboksen forsvant ganske raskt, medan flaske med smal tut minka nesten
ikkje”. Dette var konklusjonar elevane kom med raskt.
Til slutt
skulle me ut. Her var det å læra seg ulike teknikkar for å forsera ei elv.
Me tørrtrena i ein ulendt skråning og øvde på korleis ein skulle halda tak i
kvarandre. Dette tykte elevane var kjekt, og samarbeidskjensla slo ut i
stor blomst,.
Vidare
var det å forsera elva ved ein stokk. No fekk elevane i oppdrag å skjera ned
eit lite tre, kutta av greinene, og bruka stokken som ein stav. Dette var
ein populær aktivitet . Dei bytest på stavar og testa ut kva som var best.
Den sist
aktiviteten var å balansera over eit tau, der ein hadde haldetau ovanfor
hovudet. Elevane var i storslag og hadde lyst å gjenta aktiviteten, men tida
strakk ikkje til ein repetisjon.
”Dette
hadde vore ein kjekk dag”, var sluttkommentaren til elevane. Det hadde vore
variert i høve til aktivitetar og læring, medan kontaktlæraren deira samd i
denne konklusjonen.
Ved
slutten av november diskuterte me resultata. Det gjekk på
gjennomsnittsmålingar av november og oktober, kor mykje det kom pr. helg
osv. Ein elev fann norgesrekorden og ein annan fann verdsrekorden i nedbør.
Resulatet var nedslåande. 10 gonger så mykje nedbør kom det på ei øy utanfor
Madagaskar, 1865 mm. Medan i Bergen kom det 176,5 med mer. Dette gjorde
inntrykk på elevane
Bergsdalen skule 28.11.06
Sjur
Brattabø
Sjå også
"vannets kretsløp" og
"utnyttelse av vannkraft" på BKK sine
Gnistre og Sprake-sider.
Attende til startsida |
|
|