Bergsdalsprosjektet
Kroppsøving og matematikk |
||||
Rekneforteljing med snøballar:
Vinkelblindebukk:
Barkbåt-race:
|
Besøk får HIBSkulen vår fekk hyggeleg vitjing mandag 23. Okt - 20065. Det var Torbjørn og Karen som skulle gjennomføra eit opplegg i temaet kroppsøving/matematikk. Elevane såg fram til besøket og var spente på kva dagen kunne by. Fyrste halvdel var høgskulelærarane ute med elevane på småsteget, for så å ta ut elevane på mellomsteget. Været var surt med snø, slaps og regn, men dette hindra ikkje elvane i å få ein kjekk og aktiv dag.Skildring av øvingane har elevane gjort i sin rapport.3 på rad-stafett ”Dette var kjekt,” sa elevane med stor iver. Dei måtte tenkja, bevega, samarbeida og komunisera på ei gong. Øvinga spelte på mange sider i høve til meistring og læring. Rekneforteljing med brøkHer skulle elevane konkretisera rekneforteljingar med snøballar. Dette var høgaktuelt sidan me hadde fått godt med snø dagen før. Med denne øvinga måtte elevane visa matematisk forståelse på same tid som dei fekk skapa noko i naturmatriale Vinkelblindebukk Dette var ein storsuksess. Elevane oppdaga kor artig øvinga var etterkvart som dei forsto kva øvinga gjekk ut på. Samarbeid, matematisk forståelse, verbal øving i høve til korrekte meldingar, fysisk rørsle i høve til meldingar, balanse. Denne øvinga skal læraren ta med seg vidare, supert ! Springing og tidtaking Elevane er opptatt av verdsrekordar og personlege rekordar. No kunne dei samanlikna og setja opp sin eigne tider i høve til verdsrekorden på same distansen. Her fekk elevane prøva seg på hovudrekning i høve til tid, avstand og fysiske prestasjonar. Planen er å samanlikna tida i november 06 med mai 07. Fokus på korleis utstyret kan spela inn på prestasjonar vil då verta aktuelt. Barkebåt-raceTida vart noko knapp til denne øvinga, men me klarte å gjennomføra den. Elevane fekk prøva seg i høve fart-strekning-tid. Det verkar vanskeleg å finna ut av formelen, men med hjelp frå vaksne, klarte elevane å finna ut kor mange meter pr sekund båtane hadde som fart. Ei nyttig øving i høve til temaet som me har hatt nyleg. Bra Sluttkommentar: Dette var kjekt og interessant. Det var ein variert dag, og Karen og Torbjørn gjorde matematikk til eit meir spennande fag denne dagen. Takk skal de ha ! Helsing Sjur og elevene på mellomsteget i Bergsdalen
|
|