Korving med
Bergsdalen skule
Den 25. oktober var det korving på jodbruksskulen på Voss. Me var med Bergsdalen barneskule ned på kjøkkenet for å korva. Nede i gangen var det kvite frakkar, huer og svenske sokkar som måtte på. ”Dette var kult” sa den eine eleven då han hadde fått på seg hua. Etterpå korva dei. Dei var flinke. ”Her luktar det fælt” sa ei som heitte Maria. Nokon vaska tarmar, medan andre korva. Det var tre vaksne der og ein lærar. Elevane prata og lo. Etter ei stund var det lunsj. Etter mat var det ned igjen og korva. Nokon var hjå hestane medan andre korva og omvendt. Alle syns det var gøy, vel nesten alle. Det var ein lærerik opplevelse.
Bør prøvast.