Korving på Voss Jordruksskule.
Den 25.10.05 var me på Bergsdalen skule på Voss Jordbruksskule og korva på eit Eu-godkjent
kjøkken dei har der.
Då me kom til kjøkkenet, måtte me
fyrst ta på oss ein kvit frakk, hette og plastsko eller kloggar. Så gjekk me inn på det eigentlege
kjøkkenet. Kjøkkenet var av rust-fritt stål.
Det var berre å settje i gang å korve. Som vaksne hadde me med oss lærar Maya, to foreldre Helge Terje og Kari, og som fagmann
Asbjørn Berge.
Maya delte oss i to
grupper, den fyrste gruppa skulle gå til hestane på
hestelinja på jordbruksskulen. Der fekk dei ri. Den andre gruppa malte opp kjøtet
og korva kjøtdeigen som
Asbjørn hadde med seg. Etter matpausen
klokka 12, bytte me jobbar
og dei som hadde korva
gjekk bort til hestane. Denne gruppa fekk hente høy i
trillebårer frå låven og inn i stallen.
Korvegruppa måtte blande kjøtdeigen
av får, storfe og hjort til ein god deig. Me hadde hemmelege krydder og
potetmjøl oppi, også ei god kraft. Alt saman vart køyrd i pølsemaskina, og kom ut att
or den i tarmane me hadde tredd innpå pølsehornet.
Nokon sveiva pølsekverna, nokon
knadde deig, nokon knytte for dei
ferdige korvane, medan
andre vaska tarmar. Også måtte nokon
steike karbonadekaker av de ferdig-krydra deigen,
slik at me skulle vere sikre
på at korven vart god. Og kakene smakte
godt.
Etter at me hadde korva våre
Etter å ha jobba tre timar overtid, og klokka var 17.00, reiste me omsider heim.