Om å læra å læra. Dei mange intelligensane i
Bergsdalen.
I
Vaksdal kommune er det eit uttalt mål at alle skulane skal freista jobbe etter dei pedagogiske tankane til Howard Gardner omkring dei mange intelligensane, eller
det som vert kalla MI-tenking. Teorien byggjer på at me menneske er sett
saman av åtte (minst) ulike ”intelligensar”
og at me har svake og sterke sider innanfor desse. Sidan me er så samansette, har me ulike måtar å tileigne oss ny kunnskap på.
Dette
er ikkje noko nytt.
Pedagogiske guruar og lærarar
har sett lenge at elevgruppene deira langt frå er
like. Men likevel er tradisjonen i skulen å læra via
det som Gardner kallar den språklege intelligensen. Dei
fleste lærebøker legg opp til at me les eller pratar om eit nytt emne fyrst, så
svarar me på spørsmål, så lagar me oppgåver
og skriftleg stoff om emnet og så har me lært det når me har hatt ein språkleg prøve om emnet. Det
er dette ”skule-mønsteret” Gardner
og andre vil til livs. Kor klokt eit menneske vert rekna for å vera,
bør ikkje avhenga av kor godt menneske er tilpassa
den språkleg intelligente skulekvardagen.
Eg skal
her ta for meg dei ulike intelligensane
i teorien, og freista visa korleis
me ved Bergsdalen skule legg
opp undervisinga for å gje alle elevar
sjansen til å lære slik dei sjølve lærer best. Me er ein liten skule, berre 15 elevar. Skulen har tilsaman 1,7 lærarstilling, og rektor er fysisk plassert på ein større naboskule. Me har såleis lenge måtte tilpassa undervisinga vår til den
einskilde elev, og ikkje
trinnet ho går på. Til vanleg er det minst tre trinn
i same klasserom, og i år har me fleire
timar der alle elevane ved skulen deler på same lærar. Ei
utfordring for både lærar og elevar,
der me brukar MI-tanken som ein
god hjelpar for å få til ei tilpassa undervising for
alle. To dagar i veka har me
noko me kallar
arbeidsplan på timeplanen. Kvar elev har sin eigen arbeidsplan der ho kan velje rekkefylgje på oppgåvene ho
skal gjere. På arbeidsplanen til den einskilde står det også i kva ”klok”-krok den einskilde finn oppgåvene knytt til emnet som skal lærast.
Slik styrer me elevane til
å jobbe med ulike intelligensar til ulik tid. Dersom noko nytt skal lærast inn, er det
naturleg at eleven får jobbe med nytt stoff i den
kroken eleven er ”klokast”. Eit
viktig prinsipp er å ta utgangspunkt i det eleven er best på og likar best, for så å lære inn noko
som eleven tykkjer er vanskelegare.
Eit anna viktig moment for oss når me planlegg skuledagen vår, er å la elevane
få halde på den sterke lokale identiteten dei har til heimbygda si. I eit
samarbeidsprosjekt med høgskulen i Bergen freistar me å
utvikla ein pedagogikk og ein
pedagogisk kompetanse som ivaretek og vidareutviklar det beste i ei undervising basert på lokal
identitet og lokal næring og tradisjon. I dagens sentraliserings-samfunnn
ser me det som svært viktig at borna
vert så knytt til si eiga bygd at dei ser ei meining
i å koma attende her når dei vert vaksne.
Me lever i eit teknologisk
samfunn, og det er viktig for oss å sikra eit variert og utadretta sosialt og pedagogisk miljø. Denne
sida er ein del av dette. Me
ynskjer å visa oss fram og få kontaktar
med like og ulike skular og bygdesamfunn.
Den store om-møbleringa:
både i hovudet og på skulen
Me er så heldige at me har ein
heil skule å rå over. Og få elevar.
Då me skulle gjennomføre MI-pedagogikken i praksis
måtte me ikkje berre om-møblere litt i lærar-hovuda
våre, men også i dei ulike romma ved skulen. Me ville utnytte areala
best mogleg for å kunne spreie dei
ulike elevane og ”intelligensane”
på heile skulen.
Me ynskte at intelligensane
skulle visa att konkret i skulebygget, og vere noko som alltid var der. Ikkje berre ein ”happening” i
klasserommet no og då. Me
meinte at dersom me la høva fysisk til rette, ville
det vera lettare å gjennomføra
MI- opplegg, både i førebuing og i praktisk
gjennomføring.
I det fylgjande kjem ein gjennomgang av
kva som kjenneteiknar dei ulike intelligensane. Det er ikkje slik at alle punkta under ein
intelligens på passa for at du skal kunne seie at du t.d er musikk-klok. Du kan godt vere
musikk-klok utan t.d å ha
god songstemme. I samanheng
med kvar intelligens, har eg presentert korleis vår
krok til denne intelligensen ser ut, og dessutan lagt
ved døme på MI-oppgåver me
har gjeve til dei ulike krokane.
1. Språkleg intelligens –
ordklok:
·
bøker er viktig for deg ·
du høyrer orda inne i hovudet før du skriv dei, les
eller snakkar ·
du likar betre å høyre
på lydbok eller radio ·
du likar ordspel, rim og regler og tøysevers ·
andre menneske ber deg av og til
forklare ord du har brukt når du snakkar. ·
På skulen var norsk,
samfunnsfag og hisorie lettare for deg enn matte og
naturfag ·
Det har vore ganske
lett for deg å lære eit nytt språk |
1.1 Språk-kroken i Bergsdalen:
·
Me brukte delar av biblioteket. Der var allereie
alle bøkene. Me jobba litt med å få det til å sjå innbydande ut: -
benk med fargerike puter -
puter til å ha på golvet -
Runde ryer i kule fargar
frå IKEA -
Eventyr- gardin -
Datamaskin med pedagogiske program. Norsk. -
Arbeidsbord -
CD-spelar i lyttekrok
med øyretelefonar -
Lydbok-bibliotek -
Sjølvlaga rim og reglar fint skrive og innramma på veggane -
Biletbøker utstilt |
1.2 Døme på språk-klok oppgåver:
Emne: Haust i fjellet
2.Intrapersonleg
intelligens – Sjølvklok
·
Du brukar regelmessig tid for deg sjølv for å meditere, reflektere eller tenkje over viktige spørsmål i livet ·
Du er i stand til å takle motgang med uthaldenheit ·
Du har ein spesiell
hobby eller interesse som du held mest for deg sjølv ·
Du har nokre viktige
mål i livet som du tenkjer over regelmessig ·
Du har eit realistisk
syn på dine svake og sterke sider ·
Du vil heller vera ei
helg aleine i skogen enn på ein feriestad omgjeven av mange folk. ·
Du har ein sterk vilje ·
Du har di eiga dagbok eller logg der du skriv ned
tankar ·
Du er sjølvstendig næringsdrivande eller har i det minste tenkt på å starte
for deg sjølv. |
2.1 Sjølvklok-krok i
Bergsdalen
·
Resten av biblioteket. ·
Eit tenkje-telt til å vere for seg sjølv i ·
Ei eiga postkasse til å leggja
lappar med spørsmål du tenkjer
på i. ·
Ein eigen tenkje-boks til å trekkje ”tenkje-oppgåver” frå. Desse oppgåvene er spørsmål elevane
sjølve har formulert, som me har ”anonymisert” og skrive på data. |
2.2. Døme på sjølvklokoppgåver.
Emne: Haust i fjellet
SJØLVKLOK
HAUST-OPPGÅVE:
· TREKK EIT SPØRSMÅL FRÅ TENKE-BOKSEN · SET DEG I TELTET I 20 MINUTT · TENK PÅ OM DU VEIT SVARET · LAG FLEIRE HAUST-SPØRSMÅL
OG LEGG DEI I POSTKASSA · LES DIKTET ”HAUSTEN ER EIN
LITEN GUL MANN” |
DØME FRÅ TENKJE-BOKSEN.
KVIFOR ER DET
SÅ MYKJE BÆR OM HAUSTEN? KOR KJEM ALLE HAUSTFARGANE FRÅ? KVIFOR MÅ ME SKYTA NOKRE
AV HJORTANE? KVIFOR MÅ ME SLAKTA DEI FINE LAMMA? |
3. Naturalistisk intelligens – Naturklok
·
Du likar å bruke tid på
turar i naturen ·
Du trvis med å ha dyr i
huset ·
Du har ein hobby som omfattar naturen på ein måte ·
Du er ganske god til å skilje
mellom ulike tre, hundar, fuglar
og andre typar flora og fauna. ·
Du likar å lese bøker
eller sjå naturprogram ·
Du likar på besøke dyrehagar, akvarier eller andre stader der ein kan studera naturen ·
Du har ein hage og likar å arbeide i den regelmessig |
3.1 Naturklok-kroken i
Bergsdalen
·
I den store gangen når du kjem inn på skulen ·
Arbeidsbord og stor hylle med mange hjelpemiddel
til fritt bruk: -
sager, økser og knivar -
måleglas -
vekt -
forstørringsglas og boksar -
flora og fauna-bøker -
bøker om dyr i naturen alt etter årstid -
stormkjøkken -
dinosaur-litteratur og modellar -
Litteratur knytta til geologi -
Tau og skitupp eller bærhentar.
Alt etter årstid. |
3.2. Døme på naturklok-oppgåver.
Emne: Haust i fjellet.
4. Logisk-matematisk intelligens: Talklok
|
4.1 Matte-kroken i Bergsdalen
-
måleband,
Annies målekloss og linjalar -
vekt
(gammal helsesyster-vekt og liten kjøkkenvekt) -
kalkulator
og reknemaskin -
butikk-utstyr
utstilt og klart til bruk -
Leike-pengar -
Konkretiseringsmateriell
om brøk, prosent og multiplikasjon -
Puslespel
med geometriske figurar -
Gamle
multiplikasjon-puslespel -
Sylindar,
kube og ball -
Hefter
med Suduko-oppgåver klare til å løysast -
Bank-giroar
til utfylling -
Gruble-oppgåver
frå gruble.net og matematikkorg.no |
4.2 Døme på talklok-oppgåver.
Emne: Haust i fjellet.
MATTEKLOK
HAUST-OPPGÅVER
HER ER ALLE KVITTERINGANE FRÅ
UTGIFTER TIL KORVE-LAGINGA. OVERSIKT OVER INNTEKTENE FINN DU PÅ LISTA PÅ DØRA VÅR. LAG EIT ”KORVE-REKNESKAP”
I EXEL. SKRIV UT OG PRESENTER FOR BEDRIFTA
FREDAG SISTE TIME. |
HER ER EI KORVEOPPSKRIFT FRÅ BERGSDALEN: 10KG SAU ME HAR |
Blåbærturen: Me plukka tilsaman - Lag minst 5 rekneoppgåver der du fortel frå turen. Bruk l, dl, og ml
i oppgåvene. |
5. Kropps-kinestetisk
intelligens – kroppsklok
|
5.1 Kroppsklok-kroken
i Bergsdalen
|
5.2 Døme på kroppsklok-oppgåver.
Emne: Haust i fjellet.
6 Romleg
intelligens – bildeklok
|
6.1 Bildeklok-kroken
i Bergsdalen
-
maling
og penslar -
teikneark
og farga ark -
glanspapir
og silkepapir -
lim
og sakser -
perler,
glitter og stas -
ymse
gammalt formingsmateriell: isoporkuler, ispinnar, blomsterpinnar osv. -
Leire
og modellkitt -
Tråd
og stoff-restar -
Silkeband-restar
og stoff-sakser -
I
skapa har alle elevane sine eigne skuffer. Her kan dei leggje uferdige produkt og teikningar.
|
6.2 Døme på bildekrok-oppgåve
Emne: Haust i fjellet
7. Musikalsk intelligens- musikk-klok
|
7.1 Musikk-krok i Bergsdalen
|
7.2 Døme på musikk-klok oppgåve
Emne: Haust i fjellet
8. Sosial intelligens – menneskeklok
|
8.1 ”Spelerommet”
i Bergsdalen
|
8.2 Døme på menneskeklok-oppgåve.
Emne: Haust i fjellet.
Litteratur:
ARMSTRONG, Thomas 2003: Mange intelligenser
i klasserommet. Abstrakt forlag. Oslo